23/06/2026
Drikkeflaske eller vannskål?
Vatn er heilt avgjerande for helsa til kaninar, og dei må alltid ha tilgang. Fordøyingssystemet er avhengig av eit jamt tilsig av mat og væske for å halde tarminnhaldet i rørsle. Det er også nødvendig for normal nyrefunksjon og for å halde urinen fortynna, noko som reduserer risikoen for urinstein og urinvegsproblem, noko kaninar generelt har høg risiko for. Men kva er best? Drikkeflaske eller skål?
Fordeler med vannskål:
🐰Kaninen drikker meir.
🐰Det gir ein meir naturleg drikkestilling .
🐰Skåla er lett å vaske.
Ulemper med vannskål:
🐰Vatnet kan bli fortare ureina.
🐰Skåla kan velte og vatnet renn då ut.
Fordeler med drikkeflaske
🐰Vatnet held seg reinare, dersom flaska er rein.
Ulemper med drikkeflaske
🐰 Kaninar som berre har tilgang til drikkeflaske kan bli frustrerte fordi vatnet kjem ut for seint.
🐰Kaninane drikker mindre.
🐰Unaturleg drikkestilling og stress for nakken.
🐰Flaska er vanskeleg å vaske.
Då er det ikkje tvil.
Skål er best. Ei tung og stødig skål veltar ikkje.
Men som med alt anna finst det unntak. Når eg får ny kanin pleier eg å henge opp ei flaske, for det er ofte det dei er vande med, men også vannskål sjølvsagt. Nokre bruker tid på å lære at vannskål er betre også fasar vi sakte ut drikkeflaska.
Eg har mange vannskåler rundt omkring, men eg har også drikkeflaske.
Det er ingen krise å ha så lenge kaninane veit det er eit alternativ. Eg hadde eigentleg ikkje trengt det no, fordi behovet har endra seg, så eg tar det nok vekk. Men ei stund var det heilt nødvendig for Max. Han måtte ha drikkeflaske i vinter, og føretrakk flaske framfor skål. Han var den einaste som brukte dei, og det gjekk ikkje utover dei andre at dei hang der.