21/05/2026
Viktig (og veldig god!) nyheit til alle Royal Canin kunder! 🐾💳
Vi på Nye Zoo-1 Førde går no over til det offisielle systemet til Royal Canin via bonuscard.com.
Det betyr at det gamle stempelordninga vårt blir lagt bort, men fortvil ikkje – det nye systemet er faktisk enno betre for deg! Der du før fekk kvar 8. sekk gratis, får du no det 7. produktet heilt gratis (gjelder både tørrfôr og våtfôr) 🎉
Det beste av alt er at du no kan laste ned Bonuscard-appen på mobilen, slik at du har full kontroll og kan følgje med på bonusen din sjølv!
Sidan vi er ein lokal, frittståande butikk, skal vi vere heilt ærlege med dykk: Vi er utruleg glade for denne endringa, fordi Royal Canin no tek heile denne kostnaden for oss. Det hjelper oss stort!
Det er likevel éin liten hake vi må førebu dykk på... 😅
Når vi registrerer deg i butikken fyrste gongen, får du med deg bonusen på det kjøpet med éin gong. Men, for at kortet skal fungere neste gong du kjem innom, MÅ du gå inn på e-posten din og trykke på bekreftelseslenka du har fått frå Bonuscard.
Selgaren fortel at mange gløymer dette, og då stoppar systemet opp ved neste handel. Det har vi lyst til å sleppe at skjer med dykk!
Så, sjekk e-posten (og gjerne søppelposten) med ein gong du går ut døra hos oss, så er alt i boks til neste tur.
Vi hjelper deg sjølvsagt med registreringa i kassa. Takk for at de handlar lokalt og for at de tek dykk tida til dette vesle ekstra steget! ❤️
Bonusordninga vår går som vanleg på andre merker .
Helsing alle oss på Zoo-1 Førde 🐶🐱
Vi held til i 2.etg på Alti Førde