Sunnfjord Hundeklubb

Sunnfjord Hundeklubb Sunnfjord Hundeklubb er ein klubb for alle i Sunnfjord kommune som har hund eller interesse for hund.

Hipp hurra for 17. mai🥳🥳🇳🇴 Husk å legge til rette for at hunden din får ein fin dag😄🐶🦮🐩🐕
17/05/2026

Hipp hurra for 17. mai🥳🥳🇳🇴 Husk å legge til rette for at hunden din får ein fin dag😄🐶🦮🐩🐕

Gratulerer med dagen 🇳🇴
God hundevelferd handler også om å tilpasse aktivitetene våre til det hunden faktisk har forutsetninger for å håndtere. For mange hunder vil en rolig dag hjemme være det beste valget på 17. mai. Vi ønsker deg en flott 17. mai-feiring!

02/05/2026

🌟 Nye uformelle treningstilbod for medlemmane våre 🌟

Sunnfjord Hundeklubb utvidar no dei uformelle treningstilboda for medlemmane. Målet er å skape fleire møteplassar der vi kan trene saman, dele erfaringar og ha det kjekt i lag – uansett nivå og ambisjonar.

🐕 Utstillingstrening
For deg som ønskjer å øve på ringtrening i eit positivt og støttande miljø. Treninga er utan instruktør, og deltakarane hjelper kvarandre undervegs. Passar både for nye og erfarne ekvipasjar.

👃 Nosework
Eit tilbod for medlemmar som har fullført nosework‑kurs. Her trenar vi saman på ulike søksoppgåver og støttar kvarandre i utviklinga vidare. Uformelt, lærerikt og sosialt.

🦴 Allsidig hundetrening
Ei uformell eigentrening der du sjølv vel kva du vil jobbe med – til dømes kontakt, passering, gå pent, innkalling, ro‑trening eller miljøtrening. Perfekt for deg som ønskjer å trene i lag med andre i eit uformelt miljø.

Tidspunkt og stad for dei ulike treningane blir publisert fortløpande på gruppen for medlemmar på facebook.

Vi gler oss til mange trivelege og lærerike treningsøkter saman med dykk!

Kvalpekurs med oppstart i april🐾🐶 😄Informasjon og påmelding:
15/03/2026

Kvalpekurs med oppstart i april🐾🐶 😄Informasjon og påmelding:

Sunnfjord Hundeklubb inviterer til nytt kvalpekurs med oppstart 13.04.2026! Kurset går over 6 måndagar på desse datoane:

14/01/2026

📣 Kjære medlemmer i Sunnfjord Hundeklubb – vi treng kandidatar til styret! 🐶💙
Helsing frå valnemnda

Årsmøtet nærmar seg med stormskritt – 24.02.26 – og vi i valnemnda er i full gang med å setje saman eit godt og engasjert styre for det komande året.

Dette året har vi særleg behov for kandidatar til rollene som leiar og nestleiar i klubben.

🔹 Kva inneber rollene?
Leiar:

Er klubbens ansikt utad.
Kallar inn til styremøte og fordeler arbeidsoppgåver.
Kan få telefonar frå t.d. NKK – men ein står aldri åleine; styret jobbar saman og støttar kvarandre.

Nestleiar:

Står klar til å ta over leiar si rolle ved fråvær.
Elles ein viktig støttespelar for styret og klubben.

🔹 Kvifor sitje i styret?
Å vere med i styret gir deg moglegheita til å:
🐾 Jobbe tett med engasjerte og kjekke hundefolk
🐾 Lære meir om organisasjonsarbeid
🐾 Snakke hund med folk som er like interesserte som deg
🐾 Vere med og forme framtida til Sunnfjord Hundeklubb
🐾 Få treningsgoder
🐾 Moglegheit til å utdanne deg som instruktør gjennom klubben (etter avtale)

👉 Har du lyst, eller kjenner du nokon som kunne passa?
Ta gjerne kontakt med valnemnda – vi vil svært gjerne høyre frå deg!
Saman skapar vi eit aktivt, inkluderande og utviklande hundemiljø i Sunnfjord 🐕💙

[email protected]

22/12/2025
17/12/2025

Sunnfjord Hundeklubb har årsmøte for 2025 den 24. februar 2026.

05/11/2025

📢 Viktig informasjon til alle medlemmer i Sunnfjord Hundeklubb! 🐾

Det er no sendt ut e-post til alle medlemmer frå valnemnda 📨

Vi treng fleire engasjerte folk både i styret og i valnemnda, så om du har lyst til å bidra til klubben vår – meld deg gjerne! 💪🐶

Sjekk e-posten din for meir informasjon.

Vi arrangerer merkefest i Førde 6. og 7. desember -25, bli med då vel :D
14/10/2025

Vi arrangerer merkefest i Førde 6. og 7. desember -25, bli med då vel :D

Det blir merkefest i Førde 6. og 7. desember 2025.

Adresse

Førde
6800

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sunnfjord Hundeklubb legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sunnfjord Hundeklubb:

Del