Veterinær og biolog Sturla Molden

Veterinær og biolog Sturla Molden Veterinær i Grane kommune. Telefontid for timebestilling: Ring når du vil! Veterinærvakt for Grane og Hattfjelldal
+47 954 07 137

03/09/2025

INFORMASJON OM TAIGAFLÅTT I HELGELAND
Som mange har fått med seg varsla Folkehelseinstituttet i går (02.09.2025) om funn av taigaflått i Nordland. Diverre gjeld det vårt umiddelbare nærområde. Her følgjer difor informasjon frå veterinærtenesta i Grane kommune:

Taigaflått er ein ny art flått i Noreg. Han er vanleg i Russland og har truleg kome vestover med fuglar (vanlegvis haikar han med trasten). Det er funne taigaflått i Lande i Tosen og i Grubben ved Røssvatnet. I Tosen vart det funne både skogflått og taigaflått. Ved Røssvatnet vart det berre funne taigaflått.

Folkehelseinstituttet fann ingen flått i Grane kommune.

Dyreeigarar har rapportert til meg om funn av flått på hundar i Trofors i sommar. Eg veit ikkje kva type flått dette er. Det er grunn til å tru at det kan dreie seg om taigaflått.

Flåtten sit gjerne i høgt gras og kan angripe både menneske og husdyr.

Taigaflåtten i Russland er berar av to TBE-virus. Desse gjev alvorlege infeksjonar i hjernen og hjernehinnene. Forlaupa er meir alvorlege enn med smitte av europeisk TBE, som dei har på Sørlandet. Både menneske og dei fleste husdyr kan bli smitta, bortsett frå katt.

Folkehelseinstituttet har ikkje undersøkt om flåtten frå Tosen og Røssvatnet har russiske TBE-virus.

Menneske kan også bli smitta av å drikkje upasteurisert mjølk frå smitta storfe. Før vi veit om flåtten på Helgeland har russiske TBE-virus vil eg tilrå at ein unngår konsum av tankmjølk som ikkje er varmebehandla. Mjølk kjøpt i butikk er alltid pasteurisert og smittefri.

Viruset finst i spyttet til flåtten og smitten skjer med ein gong han bit seg fast. Dette er ulikt bakteriar som Anaplasma og Borrelia som først smittar etter eit døger. Den raske smitten begrenser kva vi kan gjera for å førebyggje smitte til hund: Hundar må behandlast med såkalla repellerande legemiddel som Bayvantic, Exspot eller tilsvarande. Merk at desse legemidla er livsfarlege for katt. Eg har best røynsle med Bayvantic.

Flåttmiddel som Bravecto, Frontpro, Cedelio, AdTab, Nexguard, etc. førebyggjer ikkje at hundar blir smitta.

Kattar blir sannsynlegvis ikkje smitta. Behandling med Bravecto eller Cedelio vil likevel hindre at dei tek med seg flåtten heim. Flåtten har ein livssyklus med fleire nymfestadium og kan bita fleire gonger. Det er difor lurt å behandle kattar sjølv om dei ikkje er utsette for smitte.

Landbruksdyr kan behandlast med Coopersect eller Bayticol for å førebyggje smitte. Per dato er ikkje Coopersect å skaffe og Bayticol har karenstid på levering av mjølk.
Hestar kan t.d. behandlast med Zitch, som for tida er søknadspliktig.

Vi har for augeblikket ikkje TBE-vaksinar til dyr tilgjengelege. Spørsmål om vaksinering av menneske må rettast til helsevesenet.

Veterinær Sturla Molden

Adresse

Skolevegen 3
Trofors
8683

Telefon

+4740602873

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Veterinær og biolog Sturla Molden legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Veterinær og biolog Sturla Molden:

Del