01/06/2026
🐾 Lustrahoppet 2026 er over for denne gong! 🐾
For ei fantastisk helg det har vore! Me ønskjer å rette ein stor og hjarteleg takk til alle som har vore med og gjort stevnet mogleg.
Det er heilt spesielt å sjå korleis folk stiller opp for kvarandre. Deltakarar frå andre klubbar som set seg opp på mannskapslister, hoppar inn når det manglar folk, seier ja når dei blir spurde om å hjelpe til med banebygging eller andre oppgåver – det er akkurat dette fellesskapet som gjer at me har lyst til å arrangere år etter år. Tusen takk til kvar og ein av dykk! ❤️
Me var spente på korleis det skulle bli å arrangere stevne på eit nytt område, og ikkje i Moane der me har vore tidlegare. Heldigvis gjekk det over all forventning!
Me hadde flotte dommarar som viste forståing når deltakarane trong litt ekstra tid til å hente hund i bilen, og som bygde fine baner gjennom heile helga. Tusen takk for innsatsen Jonny og Jan Egil.
Ein ekstra stor takk går til Hilde Kristine, som har styrt førebuingane av stevnet frå Hamar og hatt ein uvurderleg rolle i gjennomføringa av stevnet. Utan deg hadde dette rett og slett ikkje vore mogleg. 💐
Så må me sjølvsagt takke alle dei fantastiske sponsorane våre.
Enten bidraget er stort eller lite, betyr det mykje for oss. De er med på å gjere det mogleg å arrangere eit slikt stevne, og me set stor pris på støtta.
Til slutt ønskjer me å takke Bjørn Idrettslag og Parken for lån av området.
Tusen takk til alle deltakarar, funksjonærar, dommarar, sponsorar og hjelparar som gjorde Lustrahoppet 2026 til ei minnerik helg. Me håpar å sjå dykk att neste år! 🐶🏆✨
Tusen takk frå arrangørgjengen!