Norsk Fjordhestsenter

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Norsk Fjordhestsenter Nasjonalt kompetansesenter for fjordhest, sekretariat for Norges Fjordhestlag, ride- og køyresports

20/11/2026

På besøk i "barnehagen" i dag 🐴❄️

Følla på utgangen vil gjerne vere med på det som skjer, og vil helst både undersøke og bidra, i tillegg til å sikre seg litt ekstra kos og merksemd undervegs 🥰

Her er Elise!Ho er ridelærar her hos oss, og underviser i rideskolen to ettermiddagar i veka, har SFO aktivitetar på ons...
16/11/2026

Her er Elise!

Ho er ridelærar her hos oss, og underviser i rideskolen to ettermiddagar i veka, har SFO aktivitetar på onsdagar og så har ho òg trening av hestar som ein del av kvardagen.

Det ho finn mest givende med jobben sin her er å sjå utviklinga hos elevane frå veke til veke, og å få arbeide saman med dei flotte skulehestane våre. Kvar hest har si eiga personlegdom, og gjennom den daglege kontakta blir ein godt kjend med kvar enkelt.

Elise ønskjer at fleire skal bli kjende med aktivitetstilbodet i rideskulen, som har noko å tilby for alle aldrar og nivå. Og kanskje skulle vi fått med endå fleire gutar på moroa - kanskje det er på tide med ei eiga guttegruppe? 😎🐴

12/11/2026

Søk du òg for ditt livs beste år 🐴

12/11/2026

Vi sjåast ✨

❤️ 29.nov på Norsk Fjordhestsenter
✨Julemarknad
❤️ 5.des på Fjordane Folkehøgskule
✨ Jul på Fjordane

09/11/2026

Velkomen til julemarknad på Norsk Fjordhestsenter, søndag 29.november kl 12.00-17.00 🌲✨️

Saman med Alsaker gard inviterer vi ein koseleg førjulsdag. Her blir det:

❄️ Riding, kos og stell med dyra 🐴
❄️ Bondens marked med lokalmat
❄️ Standar med lokale produsentar og handverk
❄️ Kafé med graut og bakevarer

Ta med familie og vener, og opplev førjulstemning i lag med oss i stallen ❤️

Les meir om arrangementet og møt dei ulike ustillarane ved å følgje lenka her

https://www.facebook.com/share/p/152AT2fbmfo/

Takk for ei flott stemnehelg ✨️🐴Vi er glade for å ha fått vere med som samarbeidspartnar og vertskap, og synest det er k...
09/11/2026

Takk for ei flott stemnehelg ✨️🐴

Vi er glade for å ha fått vere med som samarbeidspartnar og vertskap, og synest det er kjekt å sjå myke engasjement rundt køyresporten.

Gratulere til alle deltakarar med vel gjennomført stemne! 🥇🎉

Visste du at Norsk Fjordhestsenter har ei rekkje ulike aktivitetstilbod? 🐴💛Dette er dei faste, vekentlege aktivitetane p...
05/11/2026

Visste du at Norsk Fjordhestsenter har ei rekkje ulike aktivitetstilbod? 🐴💛

Dette er dei faste, vekentlege aktivitetane på timeplanen vår. I tillegg arrangerer vi kurs, samlingar, rideleirar og andre aktivitetar i helger og feriar gjennom året.

I løpet av ei veke finn du mellom anna dette på timeplanen vår:

Måndagar • Seniorgruppe – ridning • Køyring • Taumekøyring og miljøløype

Tysdagar • Satsingsgruppe – dressur • RIB (Rider in Balance), ryttartrening og teori • Øvd vaksen – ridning

Onsdagar • SFO – aktivitetar i stallen for barn • Nybyrjar barn – ridning • Nybyrjar vaksen – ridning

Torsdagar • Lett øvd – ridning

Fredagar • Satsingsgruppe – sprang

Kva aktivitet skulle du gjerne sett på timeplanen hos oss?

Vi er alltid opne for nye idéar og tek gjerne imot innspel til aktivitetar og tilbod. Legg att ein kommentar under innlegget, eller send oss ei melding på Instagram eller ein e-post.

For meir informasjon om aktivitetane våre, prisar og påmelding, besøk nettsida vår 😊

Vi kan ikkje halde på solstrålane eller stoppe hausten frå å gli over til mørketid og vinter.Men vi kan ta vare på augne...
26/10/2026

Vi kan ikkje halde på solstrålane eller stoppe hausten frå å gli over til mørketid og vinter.

Men vi kan ta vare på augneblikka.

Slik som dette 🍂🧡 🐎

Ei kjekk fjordhesthelg på Norsk Fjordhestsenter 💛 Køyrekurs med Gunnar Bruland fredag og laurdag med fulle lister begge ...
21/10/2026

Ei kjekk fjordhesthelg på Norsk Fjordhestsenter 💛
Køyrekurs med Gunnar Bruland fredag og laurdag med fulle lister begge dagar. Søndag starta dagen med Barnas Fjordhestlag der heile familiane fekk kose seg med fjordhestane våre. Helga vart avslutta med eit sterkt følskue der fleire av hestane vart sett i kvalitet 💛
Takk for samarbeidet Eid Fjordhestlag 💛

I går, 19.oktober, hadde vi besøk av Bransjeforeningen for rideskoler som holdt regional samling her på Norsk Fjordhests...
20/10/2026

I går, 19.oktober, hadde vi besøk av Bransjeforeningen for rideskoler som holdt regional samling her på Norsk Fjordhestsenter.

For oss ble dagen en viktig påminning om at rideskolen er så mye mer enn en ridetime. Det handler om læring, mestring, ansvar, fellesskap og respekt for hesten.

Noe av det viktigste vi tar med oss fra dagen, er verdien av å stå samlet som bransje.

Dette handler om noe større enn hver enkelt rideskole. Selv om vi holder til på ulike steder i landet og har ulike profiler, jobber vi alle mot det samme målet - å skape gode opplevelser, trygg opplæring og god hestevelferd.

Vi tror at samarbeidet mellom rideskolene er en styrke. Når vi deler erfaringer, utfordringer og kunnskap, kan vi sammen løfte kvaliteten i hele bransjen. Ikke fordi alle rideskolen skal være like, men fordi vi kan enes om de samme grunnverdiene og standardene for opplæring, sikkerhet og hestevelferd.

Vi er en del av den samme næringen, med et felles ansvar for å styrke rideskolens plass i samfunnet og sikre kvaliteten i opplæringen for fremtidens ryttere.

Adresse

Myroldhaugvegen 88
Nordfjordeid
6770

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Norsk Fjordhestsenter legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Norsk Fjordhestsenter:

Snarveier

Del

Kategori

Dyrebutikker i nærheten