Stall Frøysvik- Hest og Helse

Stall Frøysvik- Hest og Helse Stall Frøysvik er ein liten stall som ligg i Sognefjords bygda Fresvik. På stallen er det avl av

Like desse to her, far og son🥰Frøysviks Vikingfjord og Frøysviks Lurifaks❤️
05/06/2021

Like desse to her, far og son🥰
Frøysviks Vikingfjord og Frøysviks Lurifaks❤️

29/05/2021

Første oppdatering i 2021, lovleg seint...
Det har vore ein hektisk vinter/vår.
Små barn, oppussing av bad + vaskerom, 3 hestar heime, byrja i jobb igjen ++

- Frøysviks Davina og Frøysviks Valeria har reist til sine nye heimar, der dei har det kjempe flott❤️
- Frøysviks Vikingfjord er fortsatt i Trøndelag og kosar seg der saman med Line m/famile❤️
- Kom 6 flotte kaninungar i slutten av mars❤️ Alle desse er lova vekk.
- Dukes Indian Rain hadde ein fin overaskelse i magen❤️
Vetle Girji/Luna vart fødd 14/5-21❤️
Denne frøkna er solgt.
- Faksegårdens Tindra hadde også ein overaskelse i magen og den 29/5-21, såg Frøysviks Lurifaks dagens lys❤️
Pen gut, veldig lik far sin❤️

Elles går livet sin vandte gang, ein er ikkje arbeidsledig med det første😉🌸

No er snart 2020 forbi, og me ser fram mot eit nytt år. Det har vore eit spennande år for Stall Frøysvik. Stallen har i ...
31/12/2020

No er snart 2020 forbi, og me ser fram mot eit nytt år. Det har vore eit spennande år for Stall Frøysvik.
Stallen har i vår vore full, alle hestane har vore heime.
I mars reiste Vikingfjord på innkøyring til familien Hofslundsengen. Dei gjorde ein kjempe jobb, og heim kom ein hest som hadde vokse mykje.😊
Bolthorn vart kastrert og solgt til Tine Sommerfeldt i juni. Der kosar han seg veldig, og håpar han blir ein fin familieponni, som vil bringe familien stor glede i åra som kjem.❤️
I slutten av juni reiste Vikingfjord på dame/trenings besøk til Line Ramona Bjørsvik m/famile. Der har han kosa seg mykje, og vokst både i hovud og kropp. Dei har jobba vidare med køyringa, og har også byrja å ri han. Dette har gått veldig bra og han har hatt stor framgang.😊❤️
I juni vart også Davina fødd, og ei veke etter kom Valeria til verden.
Davina er etter Vikingfjord og Tindra, medan Valeria er etter Bjørkevolds Trym og Kassiopeia. Veldig kjekt å få to hoppeføll. Desse 2 har hatt stor glede av kvarandre.❤️
Pga min graviditet, vart Rain satt vekk i trening.
I byrjinga av august reiste ho til Linn Lillestøl i Tønsberg. Der var ho fram til november. Linn har gjort ein kjempe jobb, herleg hest å få heim igjen.😊❤️
Dina er fortsatt nett som ein unghund i leik med Tina, og Greven held garden fri for mus og andre kattar.
Elles har kaninene det fint, i år har me ikkje hatt nokon kull på dei.
Så kaninene i «kanin-stallen» er: Fomle, Frøya, Idunn, Hugin, Munin, Daim og Bure. Fin gjeng.❤️
Den siste månaden har vore roleg og det har ikkje vore mykje aktivitet, men kvardagen går sin vandte gong.
Ynskjer alle saman eit godt nytt år, frå dyr og folk på Stall Frøysvik❤️

Rain er endeleg heimkommen!❤️Rain kom heim for litt over ei veke sidan, og det er så herleg å få ho heim😊På fredag hadde...
30/11/2020

Rain er endeleg heimkommen!❤️

Rain kom heim for litt over ei veke sidan, og det er så herleg å få ho heim😊
På fredag hadde me fyrste rideturen vår og eg kunne ikkje vore meir stolt!❤️
Tusen takk til Linn Lillestøl for ein fantastisk jobb med vetle flekke-hesten min❤️
Ho er herleg å ri, så snill og lydig❤️
Du har gjort ein kjempe jobb og eg er evig takknemmeleg for det arbeidet du har lagt ned i ho❤️
Anbefalar deg gjerne vidare til andre, og godt muleg at du får fleire oppdrag ifrå meg i framtida😊❤️
Takk❤️

Rain kosar seg fortsatt hjå Linn og i går mottok eg nokre flotte bilder av ho❤️ Gler meg til ho snart kjem heim❤️
01/11/2020

Rain kosar seg fortsatt hjå Linn og i går mottok eg nokre flotte bilder av ho❤️
Gler meg til ho snart kjem heim❤️

09/09/2020

Kassiopeia, Faksegårdens Tindra, Frøysviks Valeria og Frøysviks Davina nyter den siste tida på stølen på nytt beite❤️

23/08/2020

Rain og Linn arbeidar for å lage trygg ridehest🤩❤️

23/08/2020

Rain og Linn arbeidar for å lage trygg ridehest🤩❤️

Litt oppdatering ifrå oss på Stall Frøysvik😊Heime står no kun Kassiopeia og Faksegårdens Tindra, med sine hoppeføll😊Frøy...
23/08/2020

Litt oppdatering ifrå oss på Stall Frøysvik😊
Heime står no kun Kassiopeia og Faksegårdens Tindra, med sine hoppeføll😊

Frøysviks Vikingfjord reiste i slutten av juni til Line Ramona Bjørsvik i Trøndelag, der han har bedekka hennar hopper og står i trening der😊 Han har alt hatt ryttar på seg fleire gonger, og er på veg til å bli ein trygg og god ridehest😊

Dukes Indian Rain reiste tidleg denne månaden i trening til Linn Lillestøl i Tønsberg😊 Der skal Rain stå i trening nokon månader framover😊
Utifrå bilder og samtalar med Linn, virkar det som Rain trivst godt og dei er eit godt team for å få Rain til å bli ein trygg og god brukshest! Gler meg så til å få ho heim❤️

Hestane har tilbrakt nokon veker til støls, og har selfølgeleg vorte flittig tekne bilde av hjå turistar og andre😊Kom ov...
01/08/2020

Hestane har tilbrakt nokon veker til støls, og har selfølgeleg vorte flittig tekne bilde av hjå turistar og andre😊
Kom over eit nydeleg bilde av Dukes Indian Rain på Instagram for nokre dagar sidan, for eit bilde!😍

Bilde er tatt av Eirik Tørrisplass og er delt med løyve ifrå han😊

12/07/2020

Frøysviks Davina etter Frøysviks Vikingfjord og Faksegårdens Tindra har «raptus» bye på stølen😂❤️

Då er hoppeføll nr 2 fødd😍❤️Stolte foreldre er Kassiopeia og Bjørkevolds Trym❤️
22/06/2020

Då er hoppeføll nr 2 fødd😍❤️
Stolte foreldre er Kassiopeia og Bjørkevolds Trym❤️

Adresse

Holmen
Fresvik
6896

Telefon

+4795461437

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stall Frøysvik- Hest og Helse legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Stall Frøysvik- Hest og Helse:

Del