19/05/2026
Har du høyrt om hesten som kan sjarmere gråstein? Det er støttekontakta i gjengen vår, Lunar — og i dag fyller han 9 år 🥳
Lunar, du er tidenes muleterapeut og ei ekte endorfinmaskin. Folk går frå deg med lavare stressnivå og smilefjes. Om vi prøver å ha dårlig tid saman med deg, stoppar du opp, legg mulen inntil ansiktet vårt og nektar å gå vidare før kvilepulsen er oppnådd.
Du er ein gullklump, lykkepille og raring av dimensjonar. Du er glad i alt og alle — så lenge dei veit betre enn å tulle med kveldsgrauten din. Med gårdens beste hårsveis leder du flokken med ro, trygghet og karisma.
Når det regnar, bruker shetlandsponnien deg som tak. Når noko er skummelt, ser alle hestane til deg. Og om ein gjest er usikre rundt hest, er du alltid førstevalet.
Du er månadens ansatte på gården — om og om igjen. I gårdens tidsrekning er du år 0; det var ei tid før Lunar, og ei tid etter. Du er heilt unik, frå pannelugg til halespiss, på alle dei beste måtane.
9 x hurra for deg! 🥳