13/05/2026
Store folkemengder, høg korpsmusikk, vaiande flagg og barn som spring, kan for mange hundar og kattar vere skremmande og stressande. Når alle sansane blir trigga samtidig, kan det fort bli overveldande – og det er ikkje like lett for eigaren å oppdage kor stressa hunden faktisk er.
🐾 Vi oppfordrar hundeeigarar til å sørge for at hunden får feire nasjonaldagen i rolege og kjente omgivnader.
Vi forstår at mange ønsker å feire 17. mai saman med hunden sin, men 17. mai er ikkje nødvendigvis er like stas for den firbeinte vennen din, som for deg.
Før du drar ut for å feire, bør du sørge for at hunden har fått ein god tur. Viss hunden ikkje kan vere heime aleine, bør du vurdere å bli heime med hunden framfor å ta den med i omgivnader med mykje støy og aktivitet.