11/04/2024
Hei alle sammen 🙋🏻♀️
Tida flyr, og det har allerede gått 3 veker sidan eg flytta virksomheten min frå Stall Flatekvål på Voss til Bergen Travpark. 3 hestar hadde eg med meg på lasset; Moonshine Love, Lystad Elida H. og Lustra Modin 🌟
Wishmaster skulle i utgangspunktet stå igjen etter løpet 24. mars, men sidan han er ein spesiell herremann som må ha det veldig tilrettelagt og på sin måte, valgte me å ta han til Voss igjen og ikkje endre på noko før neste start som blir på V75- kjøringa 20. April.
Allerede 5 dagar etter flytting skulle Moonshine Love årsdebutere, første løp etter halsoperasjonen i høst. Mykje spenning i forkant frå trenaren si side på korleis dette skulle gå pga flytting rett før start og om operasjonen var vellykka. Likevel hadde eg ein god følelse sidan ho hadde trent så fint i vinter. Moonshine fungerte som best i løpet og i siste sving stakk ho ifrå konkurrentane og vann med fleire lengder på tida 19,3 og 16.000kr inn på kontoen🥇🏆
Wishmaster var også ute denne dagen og med fint løp i ryggar undervegs spurta han som eit lyn på oppløpet og blir nr. 🥉 på tida 15,2 , kun cm frå 1 og 2 plassen og fekk 12.000kr.
Dagens prestasjon!
10 dagar etterpå var Moonshine ute i løp igjen (4. April). Vart kjørt litt meir offensivt denne gongen, kjempa på heile vegen men måtte sjå seg slått av ein bedre hest for dagen. Likevel ein god nr 🥈, ny rekord på 17,9 og 8000kr🌟
Neste start er allerede no førstkommande søndag 🤞🏼
Lystad Elida H. var også ute denne dagen, etter ein liten pause pga behandling. Litt tung i kroppen og trengte nok løpet, men vart likevel nr. 4 og fekk 4000kr for det. Godkjent ✅
Lustra Modin trenar også veldig fint om dagen og nærmar seg prøveløp med stormskritt. Ein fin hest som eg gler meg til å sjå i banen ⭐️
Så det har absolutt vore ein god start for meg her i Bergen. Hestane trivst godt og har slått seg fint til ro i nye omgivelsar. Eg er godt fornøyd med stallen som begynnar å ta form no og ser fram til tida framover.
Eg har fortsatt 3 ledige boksar, så dersom du eller nokon andre ynskjer å setta hest i trening hjå meg tek eg gjerne imot. Det er fine forhold her i Bergen, med både bane, rettstrekker, løype og sandgrop. I tillegg ligg Hesteklinikken Bergen omtrent rett utanfor døra, ein stor fordel for både folk og hestane. Stallen ligg på enden av Claus Olsen sin stall, så ta gjerne turen innom neste gong du/ de er i Bergen 😀