12/10/2024
https://www.facebook.com/share/p/yrp8RXfMmEE9sYk1/?mibextid=WC7FNe
Kvart år ser vi mange eksempel på useriøse kvalpeoppdrettarar der helsa og velferda til hundane ikkje er som dei skal vere. Hundane lever ofte under dårlege forhold, og kan ha helseutfordringar som følgje av useriøs avl.
⚠️🐶 Vi oppmodar alle kvalpekjøparar til å tenke seg godt om, og setje seg grundig inn i opphavet til dyra, helsestatus og forholda i oppdrettet.
Sørg for å huke av på desse punkta før du tek med deg ein søt kvalp heim:
👉 Insister på å besøke tispa og kvalpane heime hos oppdrettar. Får du ei dårleg magekjensle – ikkje kjøp kvalp!
👉 Ligg prisen på kvalpane langt under eller over det oppdrettarar knytte til raseklubben eller tilsvarande blandingskvalpar gjer? Spør oppdrettar grundig om årsaka til dette.
👉 Be oppdrettar om å vise fram mor og fars resultat frå relevante helsetestar for rasen (eventuelt for begge/alle rasar dersom det er blandingshund).
👉 Still spørsmål om kvar avlsdyra kjem frå, og be om å få sjå tispe og kvalpar saman.
👉 Kvalpen blir følgd av ein fersk helseattest og er behandla mot innvolsorm når du hentar han. Nokon vaksinerer også kvalpane mot kvalpesjuke før levering. Helseattest og eventuelt vaksinasjonskort skal følgje med når du får kvalpen.
👉 Sørg for at du får ein kjøpekontrakt med namn, adresse og telefonnummer til oppdrettar. Kontrakten bør også innehalde nummeret på ID-chipen til kvalpen, og andre relevante opplysingar.
👉 Stemmer storleiken, vekt og anna på kvalpen med oppgitt alder og rase/blandingsrase ved henting?
👉 Ikkje ta med deg ein kvalp heim fordi du synest synd på han, eller kjenner deg pressa til å skrive under på ein kontrakt med krav du opplever som urimelege.
Følgjer du desse råda minimerer du risikoen for å kjøpe ein sjuk kvalp, og bidreg til å ta knekken på useriøse oppdrettarar og smuglarar!
📕 Dette seier lova:
§ 25 om avl
Dyreholdere, oppdrettere, avlsorganisasjoner og raseklubber skal gjennom avl fremme egenskaper som gir robuste dyr med god funksjon og helse.
§§ 23 og 24 om dyrs levemiljø, tilsyn og stell
Dyreholder skal sikre at dyr holdes i miljø som gir god velferd ut fra artstypiske og individuelle behov, herunder gi mulighet for stimulerende aktiviteter, bevegelse, hvile og annen naturlig atferd. Dyrs levemiljø skal fremme god helse og bidra til trygghet og trivsel.