Ønskjer du meiningsfulle og tilpassa dagar, som gjev meistring, læring og oppleving? Vi har trygge omgjevnader, samt kunnskap, utdanning og erfaring i samhandling mellom dyr og menneske. Vi har skuledagar med læringsmål i norsk, natur og miljø, matematikk og samfunnsfag knytta opp mot praktisk arbeid, arbeidstilbod utan prestasjonskrav, fritidstilbod og avlastning. Visjonen vår: Naustvoll Gard s
kal vere den dyrerike bondegarden der det er godt å vere. Vi vil nytte garden sine ressursar og kompetansen til Arne og Anne-Brit, for å lage spesialopphald til grupper av menneske som treng noko anna enn vanleg skule eller arbeidsliv. Vår styrke er gode dyr i trygge omgjevnader, samt kunnskap og erfaring i samhandling mellom dyr og menneske. Anne-Brit er utdanna adjunkt med tillegg. Utdjupa fag på høgskule er naturfag, matematikk, data, media og kulturlandskapsskjøtsel. Både Arne og Anne-Brit har høgskuleutdanning innan "Garden som pedagogisk ressurs og læringsarena". Garden er merkegodkjent innan kvalitetssystemet Inn på Tunet, Kvalitetssystemet i Landbruket.I tillegg er det Schäferhund-oppdrett i namnet Citagarden. Det er detaljert info om hundane og filosofien bak, på websidene til garden.